søndag 30. mars 2008

Små uforståelege ting


For nokre dagar sidan berre forsvann e-posten min. Han blei berre borte. Anten var eg gløymd av verda, eller så var det noko gale ein stad. Eg satsa på det siste, og ringde it-ansvarleg i fylket. Han kunne fortelle at dei hadde problemar med serveren, og så sa han ein heil del som eg ikkje skjøna. Det einaste eg fekk ut av det var 1) ja, det hadde vore problemar, men dei skulle rette dei opp att 2) nei, dei kunne ikkje sende meg den e-posten som hadde blitt borte ein stad på vegen.

Og korfor fortel eg alt dette? Sjølvsagt fordi det gjer meg nok eit høve til å lenkje til eit morgonkåseri i P2, denne gongen er datoen 27. mars. Det handlar om mellom anna om nye ikonar, ukjende småfuglar og uforståelege dataekspertar.

Det er ikkje mi skuld

at noko går gale. Går det bra, derimot, kan eg sjølvsagt sole meg i glansen. Høyr morgonkåseriet frå 25. mars . Eg må forresten seie at eg synest det er så heilt utroleg flott at vi no berre kan klikka på ei lenkje, og så kan vi høyre radio nett når vi sjølv vil. Det gjer meg beint fram glad!

lørdag 8. mars 2008

Eg kjem så ofte på avveie

Det er en utfordring å skulle holde seg til saken når en ute på verdensveven. Jeg tok meg en tur for å kikke litt etter offentlighetsbegrepet til Habermas. Da snublet jeg over artikkelen ulydig jente. Jeg falt i tanker, vandret videre og fant ut at jeg vil legge inorden.no til mine favoritter. Jeg gikk så tilbake Habermas, og fant blant annet Unn Irmelin Kvams blogg som kommenterer den nye offentligheten:

Handlinger min bestemor betraktet som private, skjer nå i den offentlige sfære: Å ha private samtaler i mobil, kline med kjæresten. Man kan derfor argumentere for at brukergenerert innhold, for eksempel blogg, en privat meningsytring, ren subjektiv, som finner sted i den offentlige sfære, ikke nødvendigvis fremmer debatt eller diskusjon etter Habermas` oppfatning, men forblir nettopp dette: En privat ytring i det offentlige rom. Da avfeier man kanskje begrepet borgerlig offentlighet og forutsetter at dette er annerledes i dagens mediehverdag. Eller?

Og med det var min dyrkjøpte lille studiestund over. Jeg fant mye spennende, samtidig som jeg slapp unna hardt skrivearbeid. Hvem er jeg som klager over mine elever...?

torsdag 6. mars 2008

Vis meg din dagbok, og jeg skal si deg hvem du vil være

Eg har vore ute i det som ein bloggar ved nemner som "det store altet". I bloggen Gi et lite vink skriv ho mellom anna:

Jeg har i det siste begynt å lure litt på hvorfor vi ble bloggere.
Hvordan havnet vi egentlig her, foran skjermen og med tastaturet kjærlig plassert under løpende fingre? Hvorfor i all verdens land og rike sitter vi her og øser litt vårt ut på internett, spekket med pinlige, unødvendige detaljer og totalt blottet for filter?
Og hvem innbilte oss egentlig at noen brydde seg det døyt om noe av dette?

Nei si det, men denne jenta har faktisk noko å fare med.

Kulturell frisetting

Eg tek tak i ein av tesane til Thomas Ziehe , og skriv om det private sitt inntog i det offentlege rom. På http://www.nettdagbok.no/ har eg plukka ut nokre bloggar der ungdom fortel om seg sjølve. Eg har funne flest jentebloggar. Kan hende har det noko med nettstaden å gjere. Kan hende er gutane ein annan plass der ute i den virtuelle verda. For også gutane ytrar seg skriftleg om kjensler på nettet, noko som mellom anna blir omtalt i morgonkåseriet i dag.

No skriv eg meg bort, Eg trur sanneleg norsklæraren har skrivevegring... Men før eg tek tak i oppgåva mi, vil eg berre tipse om eit intervju med Thomas Ziehe , og ein artikkel om "Skolens oppgave i et pluralistisk samfunn" skreve av Gunnar Holth (lærar ved Valler vidaregåande skule, den skulen eg gjekk på i si tid).