mandag 25. februar 2008

Hva gjør ordene?

Hva holder ordene på med
når ingen leser dem?
Sover de?
Venter de?
Ligger de bare
på arket
og lytter?
Håper?
Lengter?
Hva driver ordene med
i bokmørket
når boka er stengt?
Når boka står i hylla
mellom andre bøker
og klemmer permene sine sammen,
hva gjør ordene da?
Hva tenker ordene på?

Hva gjør du
når ingen ser deg?

Gro Dahle

søndag 24. februar 2008

Dæm i frå Budala

Vi har vore på telttur i Budal. Det var morosamt! Mykje snø, harespor, varme pølser, glade ungar, kalde tær, bål som sprakar og ski i kryss. Bygderomatikaren frå Bærum fekk lyst til å skaffe seg eit gardsbruk og berre bli der.

Då eg tok nordisk, gjorde eg ei lita undersøking av forskjellar i talemålet mellom generasjonar på Støren. Mellom anna ville eg sjå om eg kunne finne restar av dei gamle dativsformene. Eg fann at dativ vart nytta når informantane talte om "dæm i frå Budala". I følgje Tor Erik Jenstad (Ordboksredaktør, NTNU) held dativ seg lengst i samband med stadsnamn.

På steingrunn (Dag og Tid, nr. 8 2008)
Mange går av skaftet om du kallar ein spade for ein spade.

torsdag 21. februar 2008

Lengter du etter noe

måtte det være ei snøvidde
som gnir hele fjeset sitt
inn med soloppgang og dagslys

Et sted
hvor tankene fortaper seg som trær
mot tregrensen

Kolbein Falkeid. Fra Noen skritt unna, 1980

Eg fortel meg sjølv

Eg har titta meg litt rundt i den virtuelle verda. Det slår meg at ein blogg kan vere om nesten kva nesten som helst. Marsvinentusiastane legg ut bilete av marsvina sine, og skriv om små og store hendingar frå dagleglivet. Personleg har eg meir sans for høner, huskier og hestar – mest fordi høna legg egg, huskien dreg sledar og hesten, ja, han kan eg til dømes ri på. Eg har ikkje lest så mykje om dei på nettet.

Då eg var ung, hende det at eg rabla ned noko i ei dagbok. Eg skreiv berre når kjærleiken gjekk meg i mot, men det vart nokre sider av det òg. Den litterære kvaliteten gjer at desse skriveria ikkje egnar seg for allmenta. Eg hugsar ein gong eg skreiv noko i denne boka som ikkje var meint for meg sjølv. Eg var sånn halvvegs i lag med ein fyr, men vi snakka ikkje så godt i lag. Vi var på telttur. Då fann eg ut at eg kunne skrive dei innarste tankane mine i dagboka. Etterpå la eg boka ”tilfeldig” frå meg, halvvegs oppslått, og sa i ei lett tone ”eg berre går meg ein tur, eg”. Vel tilbake i teltet var alt ved det gamle, og det var kanskje like greitt. Eg spurde aldri om han las det som stod der. Om han hadde lese det, ville eg ikkje hatt han heller. For kven kan stole på ein som les andre sine dagbøker?

Vi gjekk kvar vår veg etter denne turen. Den beste løysinga. Og dagboka? Eg las ho mange år etter. Då såg eg at eg hadde konstruert ei historie. Ho var ikkje heilt usann, men var ikkje sann heller. Det var ei historie skrive for ein annan.

Eg kom til å tenkje på denne hendinga då eg søkte etter dagbøker på nettet. Eg ville altså finne ut noko om korleis det private vert formidla i det offentlege rom. Det var greitt å sjå nokre marsvin. Men så fann eg ei tenåringsjente som hadde filma seg sjølv gjennom ein heil dag (klipt ned til nokre minuttar). I eit påfallande barnsleg tonefall pratar ho om korleis ho sit på nettet og spelar spel, om pc-en som krasjar og om risgrauten som ho et. Eg vonar at ho i beste fall freistar å vere ironisk. Men ironi er farleg. Eg maktar i alle høve ikkje å sjå noko anna enn ei gustenbleik jente som blottlegg si einsemd for heile verda. I retur får ho kommentarar og parodiar på seg sjølv, laga av ungdommar . Det er så eg ønskjer meg ein storebror til denne jenta, ein som tek vare på ho og ber ho leggje dagboka under hovudputa i staden. Ein som tek ho i hånda og seier ”kom, så tek vi oss ein tur ut i sola”.

onsdag 13. februar 2008

Oppvekst i det moderne


Kronikken til Trond Berg Eriksen er vel verd å lese. Skjønner vi hvorfor det av og til - og ikke så sjelden - faktisk går bra? spør Berg Eriksen.

Lufta er for alle

15. februar en den store tomgangsaksjonen. Over hele landet ber vi miljøsinkene slå av motoren når bilen står stille.

Hilsen Miljøagentene. Med rett til å si i fra

Å kalle ein spade for...




A/D//E/P/S

espad
desap
pades
sepad
pesad
dapse
spade

Jan Erik Vold
Fra I vektens tegn, 2000

Meir danning

Det er fleire som er oppteken av danning. I ein kronikk skriv Arne Næss: "Jeg liker begrepet dannelse. Dannelse er det motsatte av snevre og overfladiske holdninger. Dannelse har med klare, presise og dype tanker å gjøre. Dannelsessamfunnet er derfor noe annet enn informasjonssamfunnet".

mandag 11. februar 2008

Digital danning

Vil vi nyte omgrepet digital danning om fem år - om ti år? Eg vonar at vi framleis taler om danning. Men kanskje er det digitale blitt ein så sjølvsagt ting i livene våre at vi ikkje heftar oss ved merkelappen digitalt lenger. Enn så lenge trur eg det er eit greit omgrep å nytte når ein skal ha fram det særeigne digitale. Eg rota rundt litt på nettet og fann nokre gode artiklar:

I Wikipedia knyttar dei omgrepet til Humboldt sitt klassiske omgrep for danning: «å knytte selvet til verden i den mest allmenne, rikeste og frieste vekselvirkning». Då blir digital danning å forstå som «å knytte selvet til verden ved hjelp av IKT».

I sitt essay om digital dannelse utdypar Jon Hoem korleis digital danning skjer når ein person held seg kritisk og tolkande til digitale medier, og ikkje minst er i stand til å ytre seg aktivt digitalt. Bloggen er eit lett tilgjengeleg verkty som gjer det lett for elevar og andre å få ein stemme i det offentlege rom.

Eg tek med ein kronikk om digital danning frå Dagbladet der dei legg vekt på at digital danning fordrar at vi ser utover oss sjølve og tek i bruk digitale verkty for å lære om andre, og for å hjelpe fattige land i sør.

Avsluttingsvis eit sitat:
Internettet har òg sine sider (På steingrunn, Dag og Tid).

søndag 10. februar 2008

Trivelege Tryggve frå Toten

Vi skal selge bilen vår. Han er krute god, men det er ikkje plass til å ta med seg bestemødre, tanter, vennar eller andre vi skulle møte på vår veg. Vi ønskjer difor å finne ein hyggeleg familie som kan kjøpe denne flotte Opel Vectra-en.

Så til poenget. Mannen min var inne på nettstaden TryggBilhandel.no. Her finn vi animerte Tryggve frå Toten som kan hjelpe både kjøpar og selgar i gjennom ein trygg bilhandel. Dette er ein interessant digital tekst. Nytta i klasserommet kan elevane mellom anna studere korleis dialekt blir nytta som verkemiddel, kroppsspråket til Tryggve med meir.

fredag 8. februar 2008

På steingrunn

Skal du løfte deg etter håret, er det dumt å ta det i rykk og napp.
(Dag og Tid nr.6 2008)

Vi vil alle at nokon skal sjå oss

Kanskje Hjorten til Gunnhild Øyehaug eigentleg draumer om ein møteplass på Facebook?

Einar Økland om optimistar

«Dei trur at alt skal gå så for­dømt mykje be­tre ber­re dei fø­rer ein ver­dens­krig, byg­ger eit unød­ven­dig bygg el­ler ra­se­rer ein skog. Det er pessimistane som har prøvd å re­pa­re­re og dem­pe øydeleggingsaktivitetane.»

Det er jo så mange der ute

No har eg titta litt på Myspace på profilane til jenter mellom 18 og 19 år. Eg medgjer at eg vert både skremd og forundra. Skremd fordi det er så mange som blottlegg seg tilsynelatande utan å tenkje på følgjene. Forundra over at dei nyttar så mykje tid der til å prate om så lite. Moralisten i meg tenkjer at dei burde nytte denne tida på andre ting. Dei kunne til dømes engasjere seg i den virkelige verda og dei problema vi står ovanfor. Eller dei kunne lese meir på studiane sine, gått meir tur i marka eller teke ein telefon til den gamle bestemora si. Men eg stillar sjølvsagt heilt utan fordommar når eg tek fatt på oppgåva om å skrive seg sjølv...

Eg synest det er litt skummelt å gje i frå seg e-postadressa si til Facebook . Men når eg veit at mellom anna vettuge personar som læraren vår, Hildegunn Otnes, har lagd inn profilen sin der, så får eg vel kanskje tru at det går bra :-)

Giddens er lånt ut over heile fjøla på BIBSYS. Arendt får eg tak i på folkebiblioteket. Der har eg også eit von om å få tak i boka til Melberg (den er ikkje ferdig til utlån enno).

Kunsterisk frihet til læreren

Hva skal til for at lærereren skal gå til sitt arbeid med glede? Inge Eidsvåg har satt opp en sjekkliste med ti spørsmål.

tirsdag 5. februar 2008

Alle pratar om veret

No ligg snøen kald og kvit. Vi kan boltre oss, gå på ski, ake og lage artige figurar i snøen. Men kor lenge kan vi det?

Takk for en inspirerende samling

Det var en inspirerende samling med mange interessante forelesninger, utfordrende oppgaver og hyggelige medstudenter.

Jeg spekulerer på hvilken hjemmeoppgave jeg skal skrive. Har mest lyst til å velge en oppgave knyttet til temaet "Å fortelle seg selv - identitet og uttrykk i det virituelle rommet". Jeg synes identitetsutforming er et spennende tema, og i hovedoppgaven min utforsket jeg blant annet hva som lå i begrepet lokal identitet Finn Bostad hadde en inspirerende forelesning, og jeg har lyst til å lese bøkene til Arendt, Giddens og Melberg. Utfordringen knyttet til dette temaet er å begrense problemstillingen ytterligere, hvis ikke kan det fort bli veldig langt...

Dessuten er det mer matnyttig å velge en oppgave som er direkte knyttet opp til bruk av digitale tekster/digitale hjelpemidler i undervisningen. Jeg får grunne over dette helt til i morgen. Er det noen av dere som har gjort dere klare tanker om hvilken oppgave dere skal velge?

Det finnes en blogg for oss alle

I går kveld hadde vi møte i Uglamarka Interesseforening. Det er vi som har jobba for å bevare Myra mot utbygging. Nå skal vi se framover og jobbe for Myra som et nærmiljøanlegg og en møteplass i lokalmiljøet. De fleste i styret er sindige karer som har rundet de seksti. Vi snakket om å opprette en idebank for gode forslag. Det var da jeg kom på den geniale ideen: hva med å opprette en egen blogg? Karene er kjappe på e-post, men noe blogg ville de ikke ha noe av. Det vil si, de kunne gjerne sende innleggene sine på e-post til meg, så kunne jeg publisere dem. Jeg tror ideen er lagt brakk så lenge... :-)

Den første klatreturen

Når jeg har trengt bilder i undervisningssammenheng, har jeg gjerne søkt etter bilder på Google. Det er enkelt: søk "prinsesse", kopier og lagre. Jeg har nok visst om at det er noe som heter opphavsrett, men jeg har ikke forholdt meg noe nærmere til det. Jeg har unnskyldt meg med at bildene bare er blitt brukt til illustrasjoner og ikke utnyttet kommersielt.

På kurset ble vi introdusert for FLickr. Her kan man virkelig boltre seg i en hel verden av bilder. Problemet er bare å velge...

fredag 1. februar 2008

Revansj - en hypertekstfortelling

Vi fikk i oppdrag å lage en liten hypertekstfortelling ut fra et fortellingsskjellett vi fikk utdelt. Vi kjente ikke tekstutdraget fra tidligere, men syntes teksten la opp til en litt klisjèaktig kjærlighetsfortelling. Kari, Jon Arne og jeg bestemte oss for å gi fortellingen en litt overraskende vri...
Vi fikk senere opplyst at utdraget var hentet fra novella Tone – 16 av Bjørg Vik. (Så stor du er blitt (ant.), 1981). Her er vår Revansj