torsdag 6. desember 2007

Analyse av nettstaden Magasinett

Då eg var på kurs i haust arbeidde eg i lag med Mette. Ho har ein god analyse av nettstaden til Statens namnkonsulentar, så det treng ikkje eg å gjere på ny. Så gjekk no tida… Då eg endeleg vakna frå ”bloggdvalen”, hadde eg meir lyst til å sjå på ein nynorsk nettstad.

Eg hadde meir lyst til å sjå på en nettstad som eg trudde at eg ville nytte i undervisninga. Eg er norsklærar på andre året, og til no har eg ikkje hatt ein einaste elev i nynorsk (elevane mine i fjor gjekk på yrkesfag, og elevane mine i fengslet har anten hatt fritak eller nekta å skrive nynorsk). No gler eg meg over å ha den første sidemålseleven min, og eg gjekk ut på nettet på jakt etter ein nynorsk nettstad. No har både Kari og Rut skreve glimrande analyser av Magasinett, eg freistar altså likevel fordi eg har lyst til å sjå nærare på akkurat denne nettstaden.

Magasinett er nett som namnet seier – eit magasin på nett. Eit godt namnval, med den ein artige følgjetittelen: for deg som meiner noko. Magasinett presenterar seg sjølv som ein nettstad for alle oppegåande menneske, men med stoff som i første rekkje er retta inn mot elevar og lærar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. På ein fullpakka førsteside finn vi også ein handbok som gjer råd om korleis elevar og lærarar kan ta Magasinett i bruk. Ein treng ikkje lese handboka for å ha utbytte av Magasinett, men som lærar kjem eg nok til å nytte mange av dei råda som står der.

Magasinett har eit ryddig og oversikteleg utsjåande. Eg er samd med Kari og Rut i at nettstaden ikkje ser spesielt ”spenstig”, men han appellar til meg. Det er ingen Ivar Aasen som ”poppar” opp eller andre småe distraksjonar. På Magasinett må eleven (og læraren) ta seg litt tid. Fyrstesida har mykje tekst. Sentrert på sida står byrginga på artiklar med overskrifter som Førjulskvalmen og Leve nynorskterrorismen! Alle dei åtte artiklane i midtfeltet har ei lenke kor det står les meir. Den nysgjerrige lesaren kan få ein utfyllande tekst om nynorskterrorisme, damer på hjortejakt og anna.

I venstre spalte finn vi dei tre faste overskriftene artiklar, synsingar og meldingar. Under artiklar finn vi både dei nyaste artiklane dei som vi også finn i midtfeltet, og eldre artiklar. Det same gjeld for synsingar, der vi mellom anna finn nynorskterrorisme . Under overskrifta meldingar finn vi meldingar av fire bøker og ein film.

I høgrespalte er det tre bilete som fangar merksemda. Fyrst og fremst ser eg Are Kalvø som smiler lurt til meg. Eg likar den mannen, kjend mellom anna som programleiar i Hallo i uken på P2. Bak biletet av ein gut som søv ute i godstolen med hatten over andletet, finn vi ungdomspanelet. Klikkar ein seg inn her finn ein små tekststykke skreve av ungdom. Bak biletet av nokre fingre som klimprar på eit tastatur og med overskrifta skrivekløe, finn vi gode råd frå forfattarar for ungdom som vil bli betre til å skrive.

Eg vurderer Magasinett som ein krevjande og godt nettstad for ungdom.

4 kommentarer:

ruth sa...

Så kjekt! Nå ble jeg glad at du fikk lagt til kommentarfunksjonen. Analysen din er grundig og engasjert skrevet, og jeg skjønner godt at du ble "betatt av" smilet til Are Kalvø. HVem blir ikke det?

Torbjørn Andersen sa...

Se der var kommentarfunksjonen din "oppe og går"! Du har gjort et detaljert og grundig arbeid. I forhold til oppgaven har du gjerne brukt i overkant mange ord .. 250++, men hva gjør vel det:)

Kari K. sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Kari K. sa...

Der var det mulig å kommentere, ja. Vi har sett på samme nettsted. Det ser ut til at vi er ganske så enige, men jeg hadde kanskje satt pris på en Ivar Aasen i miniatyr som "poppet opp" på nettstedet og sa noen velvalgte ord ;) Det er mange fine tekster inne på nettstedet. Har du tenkt å bruke noen av dem i undervisningen?