tirsdag 18. desember 2007

Analyse av nokre tekstmeldingar

Eg er lærar på skuleavdelinga i fengslet. Der har elevane ikkje lov til å ha mobiltelefon, så difor var det heller ikkje aktuelt å lage eit undervisningsopplegg som tok i bruk tekstmeldingar. Sidan samlinga i haust har eg gått og venta på ei artig melding som eg kan gå ut i frå i analyseoppgåva. Minnet på mobilen min melder stadig om at det er fullt, så må eg til å slette nokre av meldingane. Eg tenkte eg kunne telle opp og sjå etter felles nemner. No er det ikkje dette ei oppgåve i statistikk, så eg skal ikkje gjere noko stort nummer ut av det. Det eg sjølvsagt kan gjere et nummer ut av, er kor lenge eg var motstandar av å bere rundt på ein slik dings der alle kunne nå ein uansett kor i verda ein var.

I dag nyttar eg stort sett berre mobilen min til å gje ut informasjon og ta i mot informasjon. Og viss eg er utanom allfarveg, ut i Guds frie natur, så let eg helst mobilen min vere igjen heime. Når det er ein del av identiteten at ein ikkje skal vere tilgjengeleg, kan det i nokre tilfelle krevje si forklaring. Som då vi var i Rondane i påsken, og eg skulle treffe på ein venninne frå Austlandet (også ho norsklærar og oppteken av å ikkje vere tilgjengeleg). Mobilen var då eit godt hjelpemiddel for å gjere ein nærare avtale, og å gjere det mogleg for venninna mi og familien å finne den hytta me var på. Det litt komiske i situasjonen var korleis både venninna mi og eg følte eit veldig behov for å forklåre at ”eigentleg nytta vi ikkje mobiltelefon”…

Vel, eg trur at om lag 80 % av meldingane som kjem inn er frå mannen min. Ofte er det meldingar som er skreve på veg til eller i frå , av typen ”er på vei til Gardemoen. Håper å være hjemme ca. 2100” eller ”snø på Røros”. Han har vore litt på farta denne hausten, og det er helst i den samanhengen meldinga kjem. Den første meldinga fortel at ”ja, eg rakk det tidlege flyet” og ”eg kjem heim til den tida vi har snakka om”. Det kan også vere det daglegdagse ”husk innesko til SFO”. Ofte kjem det også ein liten ekspressiv ytring i tillegg: ”Glad i”. Han er en vaksen mann som likar å snakke i heile setningar, og i skriven tekst skriv han oftast ordet heilt ut (til dømes: ”for eksempel” i staden for f.eks.). I tekstmeldingar er det vanleg å rasjonalisere språket, Vi ser at han droppar både subjekt og objekt i setningsfragmentet ”Glad i”. Det kan han gjere fordi det er underforstått kven som er glad i kven. Eg kan til dømes ha svart ”glad i jeg og”, alternativt ”jeg og”. Vi ser her det kontekstavhengige i tekstmeldingsspråket. Vi må sjå setningsfragmentet ”jeg og” i samanheng med den første ytringa.

Det er lite forkorting av ord i dei meldingane eg får. Nokre få av meldarane mine skriv d for det. Den mest spenstige i så måte, er ho som skriv med bilen full av ungar og ting til juleverkstaden ”Nå er vi p vei m et helt flyttelass”. Det er også lite dialektord i meldinga, truleg fordi dei fleste kjem frå austlendingar. Men ”reservebestemora” vår er trøder og skriv gjerne når dei er på farta. Då er det gjerne ”Kordan står det til” og ”kos å klæm til dokker all”. Som dere skjønner har er det ikkje akkurat flust av artige meldingar på mobilen min. Men eg synes i det minste at meldinga ”Sal opp hestene!” lyder litt staseleg (det er eit svar på ein melding eg sendte mannen min der eg spør vi skal dra på riding med ungane).

3 kommentarer:

Kari K. sa...

Hmm, kommentaren jeg skrev tidligere er mystisk forsvunnet. Jeg prøver igjen. Jeg synes du har gode eksempler på tekstmeldinger, og hva som kan ligge usagt i slike tekster. I mine øyne er subjekt "unødvendig" i tekstmeldinger. Sender er allerede identifisert ved et tlf.nummer, og da er det allerede klarlagt hvem subjektet er. "Sal opp hestene" hørtes veldig staselig ut :)

Hildegunn sa...

Det var eit grundig og pikant;) bloggnotat (som ikkje var eit bloggnotat, men ei utgreiing). Du beskriv sms-praksisen i familien på ein essayistisk og fin måte. Du kommenterer også relevante trekk ved konkrete meldingar. Tenk gjennom kva potensial tekstmeldingar kan ha i eit klasserom, sjølv om eg skjønar at dei er forbode i dei klasseromma du er i til vanleg. Det ville kanskje vere mogleg å snakke om tekstmeldingar i fengselet, sjølv om telefonen ikkje er tilgjengeleg. Kanskje fekk du ein ekstra dimensjon gjennom at den er forbode.....?

Haral Morten

Torbjørn Andersen sa...

Hei Vibeke. Du har gitt en fyldig kommentar til egen bruk og ikke-bruk av sms. Reflektert og godt.