søndag 8. juni 2008

Ta orda tilbake

Eg har fått ein vane. Han kan vere ein god vane, andre gonger er det mogleg å sjå han som ein mindre god vane, også kalla uvane. Ja, nok om det... eg er stadig ute på nettet og søkjer opp ting og tang. No sist tenkte eg på at kanskje vi skulle grunnleggje ein "ta orda tilbake"-aksjon. Men først ville sjå etter om noko slik allreie fanst, og googla (nytt norsk ord) opp ta orda tilbake. Då kom eg på noko eg hadde høyrd på radioen om utdøande ord, mellom anna er dei gode norske orda formiddagsmat og skyggelue er skifta ut med lunsj og caps. Mannen min testa ut dette siste ordet då han gjekk i butikken for å kjøpe seg ny skyggelue. Du meiner caps? spurde den eine ekspeditøren etter den andre. Ordet formiddagsmaten trur eg er meir levedyktig, det et vi jo kvar dag (om vi ikkje et på kafé, men lærarar gjer sjeldan det). Verre er det nok med dugurden viss dei held fram med å leggje ned gardane i same takt som no.

3 kommentarer:

Anders Sanne sa...

Legg merke til de mer enn 400 kommentarene til oppslaget i Dagbladet. Mange av disse er fornøyelig lesning.

finn sa...

i helga har jeg vært på kultur i Orkdalen. Jeg slår et slag for nemninga kultur for turer i kultur, som natur er turer i natur, forstår seg. Det var en venn som tok oss med til barn- og ungdommens steder, nedlagte forsamlingshus og fraflytta garder. Da ble vi enige om å fortsatt bruker nemninga non om ettermiddagsmaten, egentlig vår middag, selv om den er ennå seinere. Om skyggelue sa folk rundt meg jamnt flatlu i motsetning til topplu. Vi hadde bare to slags luer da jeg vokste opp, men det holdt.

Vibeke Gilje Sanne sa...

Godt å høyre :-)