Vil vi nyte omgrepet digital danning om fem år - om ti år? Eg vonar at vi framleis taler om danning. Men kanskje er det digitale blitt ein så sjølvsagt ting i livene våre at vi ikkje heftar oss ved merkelappen digitalt lenger. Enn så lenge trur eg det er eit greit omgrep å nytte når ein skal ha fram det særeigne digitale. Eg rota rundt litt på nettet og fann nokre gode artiklar:
I Wikipedia knyttar dei omgrepet til Humboldt sitt klassiske omgrep for danning: «å knytte selvet til verden i den mest allmenne, rikeste og frieste vekselvirkning». Då blir digital danning å forstå som «å knytte selvet til verden ved hjelp av IKT».
I sitt essay om digital dannelse utdypar Jon Hoem korleis digital danning skjer når ein person held seg kritisk og tolkande til digitale medier, og ikkje minst er i stand til å ytre seg aktivt digitalt. Bloggen er eit lett tilgjengeleg verkty som gjer det lett for elevar og andre å få ein stemme i det offentlege rom.
Eg tek med ein kronikk om digital danning frå Dagbladet der dei legg vekt på at digital danning fordrar at vi ser utover oss sjølve og tek i bruk digitale verkty for å lære om andre, og for å hjelpe fattige land i sør.
Avsluttingsvis eit sitat:
Internettet har òg sine sider (På steingrunn, Dag og Tid).
mandag 11. februar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hei Vibeke!
Interessante tanker! Er dette ditt tema for den individuelle oppgaven? Det komme rikke helt fram om det er det eller ei... Eller har du sendt meg et tema via andre kanaler....?
Det er Ruth Grüters som skal være din veileder, og du vil høre fra henne så fort vi har fått temaet/problemstillingen fra deg..
Hildegunn
Hei Hildegunn
Jeg trodde det gikk fram av et tidligere innlegg at jeg har tenkt å skrive om "å fortelle seg selv". Jeg ble inspirert av foredraget til Finn Bostad, og har vært i kontakt med ham i ettertid. Bostad har vært svært imøtekommende, men jeg har forløpig ikke kommet fram til en mer avgrenset problemstilling.
Legg inn en kommentar