fredag 6. juni 2008
Ikkje særleg patent
No vil altså Peer Gynt AS, etterkommaren etter sjølvaste Peer, ta patent på både verdsborgaren, Bøygen, Anitra og Juvet. Kva skal dei gjere på Bøygen camping no? Og kva med alle dei som heiter Anitra (36 i følgje SSB). Eg studerte saman med ei av dei i Tromsø, ei triveleg jente det. No må ho truleg ut med ei årleg avgift til Peer Gynt. Eg sit her og grundar på kva for ord eg skal ta patent på. No er det jo tatt patent på Juvet, men eg trur Hoppesteinen er ledig enno. Hoppesteinen vår er jo ikkje så stor, men han er fin å hoppe fra. Tenk vi måtte bytte namn på han, berre fordi nokon ein dag tok patent på Hoppesteinen. Kva med trønderen, har nokon tatt patent på han? I disse dagar kunne jo eit ord som trøndertørke vore aktuelt? Då eg søkte opp ordet på Google, spør dei venneleg om eg meinte å skrive trøndertrøkk. Det hender seg jo at vi skriv ein ting og meiner noko anna. Eg tenkjer på Pippi. Ho hadde funne opp eit heilt nytt ord, var det skunk mon tru? Eg må sjå etter i litteraturen. Pippi var ikkje så oppteken av patent, og ho slapp som kjend å tenkje på pengar. Spurde ein Holesnusken om kva han meiner om patent og den slags, ville det nok komme kontant "Kva er det for føyseskap?"
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
I USA har gratisprogrammet GeoGebra blitt truet med søksmål. Geometer's Sketchpad hevder nemlig at de har enerett på frasen "dynamic geometry".
grådig frekkhet... her opplever jeg at ikke bare skal folk ha økonomisk rett på genene mine, nå skal de ha det på navn og det vi kaller fellesnavn til og med. Det er så opprøreren våkner igjen, etter å ha ligget i velstandsdvale siden oljepengene doppet oss ned først på 80-tallet
Ja, vi må kjempe i mot at alt blir gjort til gjenstand for kjøp og salg. Geirr Lystrup har forresten skrevet en svært vakker moderne fabel om hvordan menneskene har gjort Moder Natur om til et supermarked, og om kampen om å få henne tilbake.
Legg inn en kommentar